Kaffe + svele = sant

Peder fergebillettør passet på det gode humør

Kaffe + svele = sant

Lillian fra Fjord 1

Kaffe + svele = sant

Geir Hongset, Birgitte Friele, Ann Kristin Fuglum, Atle Engelsen og Nina Skjerping fra Friele syns alt var godt.

Kaffe + svele = sant

Herman Friele og Leif Øverland var heldige dommere

Kaffe + svele = sant
Forrige Neste

Kaffe + svele = sant

Publisert: 24. november 2011

Kåring av landets beste svele

- Kven vinn?


Det er knytt lange tradisjoner og sterke kjensler til kva som er "den beste svela" på Vestlandet, og kanskje spesielt i Fjord 1 der matfenomenet etter kvart har blitt einstydande med ferjeturane.

Jakta på den perfekte svela

Så viktig er svela for Fjord 1 at selskapet har arrangert delfinaler blant sine tilsette for å kunne gje kundane den perfekte svela på alle sine ruter. Dei har kasta seg inn i konkurransen og kjempar no om heider, ære, ein plass i historiebøkene og sist, men ikkje minst om premien - Den Gylne Sveletakka. Dette er den einaste sveletakkenåla i verda, og vinnaren skal ha den på uniforma som synleg bevis på sigeren.

I dag skal det heile avgjerast på Strand Hotel i Bergen kl. 13:00.
Tidlegare borgarmeister i Bergen, Herman Friele, er spent på resultatet.
- Med så erfarne og rutinerte svelebakarar blir dette ein knallhard og spennande konkurranse, seier Friele.

Fylkesvinnarane frå delfinalene som har nådd finalen og konkurrerer om den offisielle Fjord1-svela i dag er:
• Trøndelag:    Lillian Monsen
• Møre & Romsdal: Ellen Worum
• Sogn & Fjordane: Inger Falkevik
• Hordaland:  Anne Aarskog
• Rogaland:   Marit Nordbø

Dommarpanelet består av:
• Herman Friele, styreformann, Kaffehuset Friele
• Leif Øverland, konsernsjef i Fjord1
• Jørn Jacobsen, salsdirektør, storkjøkken, Nortura
• Miriam Nybø, fast ferjebrukar og svele elskar
• Lars Jakob Haugseth, fast ferjebrukar og svele elskar

Vinnaroppskrifta blir ikkje hemmeleg. Tvert om håpar Fjord1 at svela kan være med å spreie glede også ut over ferjeturane, og deler den like godt med sine reisande gjennom nettsider, kundemagasin og kaffikrus.

Kaffi + svele = sant
På same tid som den offisielle svela vert kåra, inngår Fjord1 ein avtale med Friele på leveranse av kaffi og varm sjokolade, kvalitetssikring av utstyr, samt opplæring av dei tilsette i å brygge best mogleg kaffi. For dei reisande betyr dette tilgang på kvalitetskaffi på alle ferjesamband.
Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland, påpeikar viktigheita av eit godt mattilbod om bord.
- Svele og kaffi er ein viktig del av reiseopplevinga for mange, og vi er opptatt av å tilby ypparste kvalitet på begge deler. Med Friele som hovudleverandør på kaffi så sikrar vi det, seier Øverland.

Sveler frå Bergen til Oppedal-Lavik
Om ein hadde stabla svelene som er selt hittil i år, hadde svelestabelen blitt drøye 3,5 km høg, over 112 km lang om du legg svelene kant i kant – tilsvarande distansen frå Bergen til Oppedal-Lavik ferjesamband. Oppimot 20.000 liter kulturmjølk, og i nærleiken av 95 kg natron og hornsalt går med i produksjonen, i tillegg til om lag 200.000 egg. 

Se NRK reportasje her.



Om Fjord1
Fjord1 er eit av landets største transportkonsern med kjerneverksemd innan ferjedrift, passasjer- og ekspressbåtdrift, bussdrift og reiseliv. Konsernet har vel 2100 tilsette og omsette i 2010 for vel 3 mrd. kroner. Samla opererer selskapa i konsernet 68 ferjer, 14 hurtigbåtar og meir enn 350 bussar. Konsernadministrasjonen er i Florø.

Kontaktpersonar:
Kommunikasjonsdirektør Ingrid Færøyvik, mobil 415 36 419
Leif Øverland, Konsernsjef, Fjord1, mobil 415 36 460 

Kommentarer

Legg til ny kommentar

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og motta gode tilbud og siste nytt om kaffe.

Meld på

Informasjon om deg